Unnfallande av pressefolka i PFU
PFU – Pressens faglige utvalg – dømde Se og Hør for brot på god presseskikk denne veka. Det er bra. Fellinga er ein viktig milepåle i norsk pressehistorie. Men hadde det vore opp til pressas eigne representantar i utvalet, hadde det viktigaste punktet i klagen frå kongehuset – dei tolv sidene med bikinibilete frå ei offentleg badestrand – truleg vorte avvist.
Leiaren for PFU, sjefredaktør Hilde Haugsgjerd i Aftenposten, meinte i møtet at saka var vanskeleg, men enda opp med å fella Se og Hør. To av presserepresentantane i utvalet, Øyvind Brigg frå TV2 og Alexander Øystå frå Vi Menn, tok derimot dissens. Dei gav Se og Hør medhald i at bikinibileta – tekne med ei telelinse frå lang avstand utan at dei kongelege visste noko om det – er innanfor det dei meiner er god presseskikk.
Innstillinga frå PFU-sekretariatet, leidd av general-sekretær i Presseforbundet Per Edgar Kokkvold, la seg på same lina og ville frikjenna Se og Hør på dette punktet: Bikinibileta var ikkje eit brot med kravet pressa har til å syna respekt for privatlivet. Sidan familien var på ei offentleg strand, der det var mange kjendisar, kunne dei ikkje forventa å få vera i fred. Kokkvold hevda på møtet at bileta «på ingen måte var krenkjande».
Heldigvis er PFU òg samansett av medlemer utanom pressa sjølv – frå den såkalla ålmenta. Og det var dei som fekk snudd denne saka, med Eva Sannum i spissen saman med Reidun Førde og Camilla Serck-Hanssen. Eit viktig poeng for Sannum var at slik snikfotografering og publisering av bilete i private situasjonar gjer livet unødvendig vanskeleg for offentlege personar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.