Høgskolen i Innlandet har søkt om å verta universitet. Høgskulen held til på Blæstad, Elverum, Evenstad, Hamar, Lillehammer og Rena og har såkalla desentraliserte studiestader i Kongsvinger og Oslo.
Får dei godkjent søknaden, vert resultatet i så fall det 11. universitetet i Noreg. Og sjå ikkje bort frå at nokre av dei få regionale høgskulane som er att, òg søkjer om det same. Høgskulen på Vestlandet vert nok neste søkjar. Kva er det som gjer at «alle» vil verta universitet? Er det ikkje betre å vera ein god høgskule enn eit middels universitet?
Mykje av arbeidskrafta og innsatsen til eit lite universitet går med til å sikra nettopp universitetsstatusen og halda oppe eit godt nok og stort nok miljø for doktorgradsutdanning.
Administrasjonen på eit slik universitet får i alle fall nok å gjera. Universitetsstatusen fører med seg masse rapportering, kontrollrutinar, evalueringar og stadige nye rundar med såkalla reakkreditering for å halda på universitetsnamnet. Ta berre ein prat med Nord universitet.
Høgskulen i Innlandet vart til ved ei samanslåing av høgskulane i Hedmark og Lillehammer i 2017. Før ei anna samanslåing, i 1994, hadde ein der som andre stader mange mindre høgskular med lange tradisjonar – som Hamar lærerhøgskole, etablert i 1867, Elverum lærerhøgskole, etablert i 1892, og Statens skogskole på Evenstad, etablert i 1912. Etter mange rundar vert no alle desse gamle skulane kanskje til universitet. Det same har skjedd elles i landet. Høgskulane forsvinn, og det meste vert til universitet. Det var vel ikkje meininga?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.