Undergrev truverdet

Publisert Sist oppdatert

VG har fått kritikk av PFU for samanblanding av reklame og redaksjonelt innhald i ein artikkel om ei flodbølgje i 1930-åra. Artikkelen er betalt av Nordisk Film, som står bak filmen Bølgen som no går på kino.

Kritikken burde fått VG til å endra line i spørsmålet om betalt redaksjonelt stoff. Men nei. VG held til dømes fram med Rema 1000-serien sin, kalla «VG familieliv» – der Rema 1000 betalar VG for å laga «journalistikk» som Rema 1000 på ein eller annan måte finn kommersielt interessant – det heile underlagt VGs redaktør­ansvar.

Garva pressefolk skjønar intuitivt at Rema 1000-samarbeidet til VG er uheldig for omdømet til norsk presse. VG og redaktør Torry Pedersen gjer det nok òg, men går likevel rundt grauten og underrapporterer problema. Torry Pedersen talar om «nybrotsarbeid» og vil bidra til «å finne gode løsninger» og viser til inter­nasjonale trendar på området.

Men det heile er ganske enkelt: Det er eitt, og berre eitt, prinsipp som skal gjelda: Skiljet mellom redaksjonelt innhald og reklame skal vera absolutt, og lesarane skal på ingen måte, utan unnatak, kunna misforstå kva som er kva.

I og for seg må VG og Torry Pedersen få lov til å risikera omdømet sitt som dei vil. Men det er diverre ikkje så enkelt. Avisa opererer ikkje i eit vakuum. Avisa er størst i Noreg, har gjennomslag og påverknadskraft. Om VG og andre aviser held fram med denne reklamefinansierte journalistikken, står norsk journalistikk – og alle aviser – att som taparar.

Difor må PFU, Redaktørforeininga og Norsk Journalistlag gjera alt for å motverka denne utviklinga. Diverre vart PFU-kritikken mot VG svekt ved at to av PFU-medlemene kom med dissens – Alexandra Beverfjord i NRK, tidlegare Dagbladet, og Tone Angell Jensen, redaktør for avisa Fremover.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement