Uklokt av VenstreVenstre opnar for å gå i regjering med Frp og Høgre. Det er litt av ein snuoperasjon for partiet som heller ville ha Jens enn Jensen for få år sidan, og som seinast under valkampen i sommar var svært så tydeleg i kritikken av Frp.
Venstre opnar for å gå i regjering med Frp og Høgre. Det er litt av ein snuoperasjon for partiet som heller ville ha Jens enn Jensen for få år sidan, og som seinast under valkampen i sommar var svært så tydeleg i kritikken av Frp.
No syner partiet altså vilje til å gå i allianse med Framstegspartiet. Det kan ikkje vera for å berga landet. Det er jo ikkje slik at vi manglar ei regjering og at Venstre difor må ofra seg for å sikra styringa av landet. Skiftet synest mest motivert for å berga partiet.
Vedtaket har ført til spenningar internt i Venstre. Den begeistra klappinga for Trine Skei Grande då ho kom inn til pressekonferansen for å annonsera det store lagnadsskiftet mot høgre i norsk politikk, fortalde ikkje heila sanninga om kva medlemene landet rundt meiner.
Venstre, trass storleiken, ser på seg sjølv som eit statsberande parti. Det skal dei ha. Og dette gjev partiet kraft og vilje. Men no spelar dei høgt, og dei risikerer at den gamle halvdelen av partiet – distriktsvenstre – forvitrar. Vona må vera at dei klarer å få høgreveljarane som røysta taktisk ved sist val for å få Venstre over sperregrensa, til å verta verande.
Men spørsmålet er om fornyinga vil verta like stor som avskalinga. Eit parti klarer seg ikkje utan eit godt landsdekkjande partiapparat med aktive tillitsvalde. Mykje av svaret får vi ved kommunevalet 2019. Kor mange av dei gamle tillitsvalde vil halda fram i kommunestyra om partiet er i allianse med Frp?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.