Uklok, men forståeleg streik

Publisert

Fleire tusen bussjåførar er i streik i Oslo og Viken. Men det er lite klokt å streika i desse tider med koronapandemi og økonomisk krise for mange næringar. Dette er ikkje tida for mange og langvarige streikar. Stappfulle trikkar, T-banar og tog inn mot hovudstaden er det siste vi treng no.

Når det er sagt, har vi all sympati for bussjåførane og støttar fullt og heilt lønskrava deira. Det er merkeleg at bussjåførane har hamna så lågt på lønsstatikkane. Sit du på ein buss på smale vegar vinterstid, forventar du gode sjåførar som tek deg trygt fram.

Då må arbeidsgjevarane betala slik at yrket er attraktiv. Det er såleis provoserande at busselskapa ikkje har skjøna at denne yrkesgruppa må opp i løn. For sjåføryrket er særs krevjande, med stort ansvar for passasjerar og medtrafikantar. Å betala ein nytilsett bussjåfør 360.000 kroner i året speglar ikkje dette.

Dessutan er det eit paradoks at byrådet i Oslo, styrt av Arbeidarpartiet, SV og MDG, satsar stort på kollektivtrafikk basert på sjåførar som tener dårleg.

Tilbodet frå NHO om tre kroner ekstra i timen, tilsvarande 1,7 prosent lønsauke, er urimeleg lågt. Særleg når arbeidstida ofte er ugunstig, med køyring tidleg om morgonen, så eit opphald midt på dagen, før ei ny økt om ettermiddagen. Alle bønder veit at ein slik arbeidsrytme fort legg beslag på heile dagen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement