Uheldig utflytting

Publisert Sist oppdatert

Statoil planlegg å flytta ut fem hundre arbeidsplassar til lågkostland som Latvia og India. Det er fyrste etappe i ei større utflytting av Statoils IT-, finans–?og kontor-tenester.

Og Statoil har gode bedriftsøkonomiske argument: «En administrativ statoilmedarbeider koster 60.000 kroner per måned i Norge, mens hun i Riga kan koste 8500 kroner», skriv Statoil i eit interndokument ifylgje Stavanger Aftenblad.

Vi flyttar ut industriarbeidsplassar, så kvifor ikkje vanlege kontortenester òg? For som Statoil seier: Di meir lønsamt vi driv, di større overskot kan vi tilføra statskassa. Og vi har mangel på arbeidskraft i dette landet. Så om vi kan frigjera arbeidskraft frå kontorbygningane til helsesektoren er jo det positivt.

Men er det klok politikk? Er det slik vi skal ordna oss framover? Skal statlege verksemder kunne flytta ut alt som kan gjerast rimelegare ein annan stad? Om Statoil kan, kan vel NRK og NSB gjera det same?

Vi vil ikkje vera tente med ei slik utvikling. Ei slik utflytting vil ytterlegare svekkja mangfaldet og variasjonen i arbeidstilbodet i dette landet.

Norske styresmakter har heilt sidan starten vedteke at Statoil-administrasjonen skal vera i Noreg. Oppgåver som økonomi og rekneskap er ein del av kjerneverksemda til alle verksemder og kan difor ikkje flyttast ut utan at ein bryt med sjølve intensjonen om at Statoil skal vera i Noreg. Difor bør Statoil-leiinga sleppa framlegget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement