Uheldig framlegg om straff

Publisert Sist oppdatert

Justisdepartementet ynskjer å auka strafferammene for gjerningspersonar som har gjort seg skuldige i fleire straffbare forhold. Dei meiner at «kvantumsrabatten» i dag er for stor.

Ein annan del av framlegga fyrst: Departementet føreslår òg at oppreisinga til valdsoffer i saker der den straffbare haldninga er gjord av fleire i fellesskap, no skal målast ut individuelt for kvar gjerningsperson. Det er fornuftig. Det er urimeleg at ein gjerningsperson skal stå til ansvar for ein lågare erstatningssum berre av di den straffbare handlinga er gjord saman med andre.

Men å gje folk lengre og svært lange fengselsstraffer er feil veg å gå. Kriminolog Nils Christie kalla fengsel for «dødsstraffens nærmeste nabo». Det er ei over­driving og er meir mynta på utanlandske fengsel med svært lange straffer og dårlege tilhøve. Men spissformuleringa får ein til å tenkja over kva for ein alvorleg og vanskeleg tilstand fengslet er for dei som må opphalda seg der over mange år.

Særleg er framlegget om å auka maksimumsgrensa frå 21 til 30 år, og i einskilde tilfelle 40 år, uheldig. Svært lange fengselsstraffer har liten allmennpreventiv verknad, sjølv om den dømde har gjort seg skuldig i fleire alvorlege valdsbrotsverk som samla ville ha gjeve ei fengselsstraff over 21 år.

Folk som det er stor fare for vil kunna gjera nye ugjerningar, kan vi i dag døma til forvaring. I praksis kan altså slike personar sperrast inne for livstid, eller så lenge rettsvesenet meiner det er naudsynt. Men det er ikkje slike personar vi talar om her.

30 års fengselsstraff smakar fyrst og fremst av hemn. Eit land bør ikkje halda seg med slike straffelengder.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement