Stortinget burde ha takka nei til Acer-avtalen. Avtalen vil føra til stort press for å få til meir utbygging av norsk vasskraft, noko som sjølvsagt vil innebere endå meir uheldig nedbygging av norsk natur.
Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg sa at tida for store norske kraftutbyggingar var over. Men gjennom Acer-avtalen vil det motsette no truleg skje. EU har trong for stabil kraft – noko vi har mykje av gjennom dei mange vassmagasina våre – og noko vi har potensial til å skaffa oss langt meir av gjennom nye utbyggingar.
Eit gyldig argument for Acer er såleis sjølvsagt at vi gjennom avtalen og eit fri flyt-regime kan produsera og selja endå meir vasskraft og tena endå meir pengar. Og dersom Europa på andre område fører ein klok miljøpolitikk, kan vi medverka til lågare CO2-utslepp i Europa.
Men det siste føreset svært mykje som langt frå er avklara enno. Avtalen vil setja produksjonen vår av lettmetall i fare. Det er den reinaste i verda. Å leggja ned norske aluminiumsverk og flytta produksjonen til land utanfor EU som nyttar fossil energi, er dårleg klimapolitikk.
Acer-avtalen vil føra til tap av sjølvråderett. Vi veit ikkje i dag nok om kva politikk Acer kjem til å vedta i framtida. Men vi veit at lovnadane i 1992 om at EØS ikkje skulle få konsekvensar for norsk landbruk og fiskeri, ikkje vart haldne. EØS-avtalen påverkar i dag nesten alle område av norsk politikk – også norsk landbruks–?og fiskeripolitikken.
Det var ikkje det vi vedtok i folkerøystinga i 1994. Acer-avtalen er såleis eit nytt argument for at vi treng ein ny grundig diskusjon om kor tenleg og demokratisk forsvarleg EØS-avtalen er i dag. (Avisa gjekk i trykken før røystinga i Stortinget.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.