Uakseptabelt av Tyrkia

Publisert

Den tyrkiske invasjonen i Syria skjer i ein svært kompleks samanheng og i ei farleg smørje av problem og kryssande alliansar. Det heile vert synleggjort ved at Nato-landet Tyrkia no går til krig mot den kurdiske YPG-militsen, som USA har samarbeidd tett med for å slå ned IS.

Heile situasjonen i Midtausten syner kor problematisk det er for Vesten å driva med all slags innblanding og krigar i området. Særleg katastrofal var Irak-krigen i 2003, som ikkje minst var med på å leggja grunnlaget for framveksten av IS.

Såleis er det positivt at ein amerikansk president no endeleg seier at det er slutt på denne typen engasjement, og at USA no vil trekkja seg ut av både Syria og Afghanistan. Dette har jo mange USA-kritikarar venta på i årevis.

Men ei for rask tilbaketrekking, som vi no ser, etterlèt seg eit vakuum som fort vil øydeleggja mykje av det ein har oppnådd i kampen mot IS dei siste åra. Eit av hovudmåla i Syria må enno vera å nedkjempa IS. Den kampen er langt frå over, for det skal enno vera tusenvis av IS-soldatar att i Irak og Syria. Dessutan er den amerikanske tilbaketrekkinga eit svik mot kurdarane og eit nytt døme på president Trumps uføreseielege utanrikspolitikk.

Generalsekretæren i Nato, Jens Stoltenberg, har rett i at Tyrkia har «legitime tryggingsinteresser i området», men det gjev sjølvsagt ikkje landet rett til å invadera nordområdet i Syria. Tyrkias invasjon i Nord-Syria er ein angrepskrig og må kallast eit klart brot på folkeretten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement