Tydeleg britisk tale

Publisert Sist oppdatert

Det var ein overraskande offensiv tale denne veka fra° statsminister Theresa May om den komande britiske utmeldinga av EU.

Dag og Tid har pa° leiarplass sagt at det er uheldig for Noreg og Europa at Storbritannia melder seg ut av EU fordi britane har prøvd a° hindra ein stadig tettare union der nasjonalstatane har mista meir og meir sjølvstende.

Men na°r britane no fyrst har sagt ja til Brexit, er statsminister Theresa Mays line imponerande tydeleg. Dei vil ga° heilt og fullt ut. Ikkje sta° att med a° vere delvis medlem av EU – halvveges inne, halvveges ute.

Britane vil ta attende kontrollen over eigne lover. No skal dei pa° nytt lagast i Westminster, Edinburgh, Cardiff og Belfast. «For vi har ikkje verkeleg ga°tt ut av EU om vi ikkje har kontroll over va°re eigne lover», som May sa.

Den siste setninga – saman med Mays tydelege konklusjon om at «vi freistar ikkje a° adoptere ein modell som alt gjeld for andre land. Vi ønskjer ikkje a° behalde bitar av medlemskapen na°r vi ga°r ut» – er i praksis eit spark til Noreg. Gjennom EØS er vi like mykje med som utanfor EU – men utan politisk innverknad og røysterett.

Dag og Tid har tidlegare o`g kome med eit pragmatisk forsvar for EØS, fordi vi er sa° innvovne i EØS og EU at det vil kosta altfor mykje a° ga° ut av avtalen no. Men skulle britane fa° gjennomslag for lina til May, opnar det for nye norske interessante perspektiv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement