Trumps autoritære veljarar

Publisert Sist oppdatert

Donald Trumps suksess i den amerikanske primærvalkampen er verd eit eige statsvitskapleg studium. Korleis kan denne populistiske forretningsmannen, mislika av sitt eige parti, med ekstreme utsegner og med stadige, negative karakteristikkar av motstandarane, likevel få så stor oppslutnad?

I «Verdibørsen» på NRK P2 sist veke var det ein interessant diskusjon om kva fellestrekk veljarane til Trump har, med utgangspunkt i artikkelen «The rise of American authoritarianism» publisert på nettstaden Vox.com.

Artikkelen, som knyter seg til ein lang fagleg diskusjon, kjem med ein påstand som fangar opp ei forklaring som til no ikkje har vore mykje framme: nemleg, basert på spørjeundersøkingar, at det er eit samsvar mellom den psykologiske profilen til Trump-veljarar og folk med autoritære trekk.

Og at desse autoritære draga, ved visse føresetnader – som uro for innvandring og økonomisk tilbakegang – overstyrer klassiske skiljeliner som demografisk og religiøs bakgrunn, inntekt og utdanning som grunnlag for kven ein røystar på. Med andre ord: Folk som normalt ville ha røysta på ein annan kandidat, røystar no på Trump av di dei i dagens situasjonen søkjer etter ein sterk leiar med ein autoritær leiarstil, noko Trump representerer.

Om dette er rett, speglar Trumps store støtte ei svært uheldig utvikling i amerikansk politikk. Som statsvitaren Bill Lafferty er inne på i «Verdibørsen», bidreg dei harde åtaka på all offentleg politikk frå Trump, men òg mange andre republikanarar, til å svekkja den viktigaste føresetnaden for demokratiet – kjensla av eit felles prosjekt.

No seier mange analytikarar at Trump vil endra seg om han vinn primærvalet og skal i valkamp mot Hillary Clinton. Og skulle han verta president, så vil han ikkje stå fram slik han gjer i dag. Lat oss vona det. Men tryggast er det å ta mannen på alvor. Og det er skremmande. Kanskje fyrst og fremst, trass i alle skjellsorda, av di vi veit så lite om kva han eigenleg står for.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement