Trump avslører seg sjølv
Straffesaka der tidlegare president Donald Trump er skulda for å ha oppbevart graderte hemmelege og sensitive dokument, ser no brått meir alvorleg ut.
Donald Trump er skulda for å ha oppbevart graderte hemmelege dokument.
Foto: Amr Alfiky / NTB
Denne veka vart det offentleggjort eit lydopptak. I ein samtale med to personar som hjelper Mark Meadows, tidlegare stabssjef under Trump, med sjølvbiografien til Meadows, syner Trump fram eit dokument frå det amerikanske forsvarsdepartementet. Dokumentet omtalar eit mogeleg åtak på Iran.
I opptaket seier Trump at papira han held i handa, er «svært konfidensielt, hemmeleg. Dette er hemmeleg informasjon.» «(...) dette vart skrive av militæret og gjeve til meg (...) som president kunne eg ha avgradert det, men no kan eg ikkje det (...) det er så kult».
No er det alvor. Det finst knapt noko verre for ein tiltalt enn eit opptak der han vedgår det han er skulda for, slik Trump høyrest ut til å gjera her.
Er dette opptaket korrekt, og får aktoratet nytta det i rettssaka, gjeld ikkje saka lenger berre om Trump har viktige konfidensielle og hemmelege dokument som han ikkje har lov til å ha. No kan juryen i den komande rettssaka òg måtte ta stilling til om han er skuldig i å ha leke hemmeleg informasjon.
I det norske ordskiftet er det nærast trøyttande å koma med nok ei utblåsing mot Trump. Å hevda at Trump er uskikka som president, er å slå inn opne dører. Men i USA støttar framleis sentrale republikanske leiarar Trump som ny presidentkandidat.
Seinast onsdag, etter at opptaket vart kjent, gjekk speaker i Representanthuset ut, Kevin McCarthy, og sa at Trump står sterkare i dag enn i 2016. Så langt ser lite ut til å svekkja Trump blant republikanarane. Tida vil syna om rettssaka kan endra på det. Ho startar i august.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Denne veka vart det offentleggjort eit lydopptak. I ein samtale med to personar som hjelper Mark Meadows, tidlegare stabssjef under Trump, med sjølvbiografien til Meadows, syner Trump fram eit dokument frå det amerikanske forsvarsdepartementet. Dokumentet omtalar eit mogeleg åtak på Iran.
I opptaket seier Trump at papira han held i handa, er «svært konfidensielt, hemmeleg. Dette er hemmeleg informasjon.» «(...) dette vart skrive av militæret og gjeve til meg (...) som president kunne eg ha avgradert det, men no kan eg ikkje det (...) det er så kult».
No er det alvor. Det finst knapt noko verre for ein tiltalt enn eit opptak der han vedgår det han er skulda for, slik Trump høyrest ut til å gjera her.
Er dette opptaket korrekt, og får aktoratet nytta det i rettssaka, gjeld ikkje saka lenger berre om Trump har viktige konfidensielle og hemmelege dokument som han ikkje har lov til å ha. No kan juryen i den komande rettssaka òg måtte ta stilling til om han er skuldig i å ha leke hemmeleg informasjon.
I det norske ordskiftet er det nærast trøyttande å koma med nok ei utblåsing mot Trump. Å hevda at Trump er uskikka som president, er å slå inn opne dører. Men i USA støttar framleis sentrale republikanske leiarar Trump som ny presidentkandidat.
Seinast onsdag, etter at opptaket vart kjent, gjekk speaker i Representanthuset ut, Kevin McCarthy, og sa at Trump står sterkare i dag enn i 2016. Så langt ser lite ut til å svekkja Trump blant republikanarane. Tida vil syna om rettssaka kan endra på det. Ho startar i august.
Svein Gjerdåker
Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.