Tragedien i Syria

Publisert Sist oppdatert

Tragedien som no utspelar seg i Aleppo, førde til eit usedvanleg sterkt utbrot denne veka frå USAs FN-ambassadør Samantha Power. Ho vende seg direkte til den russiske ambassadøren og tala om «nedsmelting av menneskeslekta»: «Er de verkeleg ute av stand til skam? Er det inga barbarisk handling mot sivile, inga avretting av born, som går under huda dykkar?»

Slik heldt ho fram. Ein må tilbake til Cuba-krisa og utblåsinga til USAs Adlai Stevenson i FN mot den sovjetiske FN-ambassadøren for å finna same harde ordelag: «I am prepared to wait for my answer until Hell freezes over», sa han då den sovjetiske ambassadøren ikkje ville svara med ein gong om Sovjet hadde atomvåpen på Cuba.

Det var frigjerande å høyra Samantha Powers utbrot om dei grufulle overgrepa vi no opplever i Aleppo, og at slik tydeleg tale kan koma frå høgste hald. Men ho bør ikkje vera for kjepphøg. Ho var ein av idealist- haukane bak krigen i Libya.

Samstundes syner utblåsinga at USA har mislukkast i Midtausten. Talen er eit resultat av maktesløyse. Men denne maktesløysa har vore der heilt frå starten av. USA ville aldri gå inn med bakkestyrkar i Syria. Det store mistaket frå vestleg side var difor at vi i euforien under den arabiske våren likevel gav syrarane von om at Vesten ville bidra til å styrta Assad-regimet og såleis oppmoda til opprøret. Det beste hadde vore om omverda, som i Irak ti år før, heldt seg unna Midtausten og lét dei styra sjølve.

No styrer Russland det som skjer i Syria. Kva som no skjer med USA i Syria og Midtausten etter Trump, er ope. Ein kan sjå talen til Power, som sjølvsagt var godkjend av Obama, som ei åtvaring til Trump om å halda seg unna Putin. Men etter utnemninga av Putin-venen Rex Tillerson som ny amerikansk utanriksminister, vil ikkje det skje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement