Den mest gledelege saka denne veka er vedtaket i Senatet i USA om å forby all bruk av tortur under fangeavhøyr. Vedtaket er drive fram av to som veit kva det handlar om: senatoren Dianne Feinstein, som var leiar for den store granskinga av CIAs torturmetodar mot terrormistenkte på 2000-talet, og tidlegare presidentkandidat John McCain, som vart torturert som krigsfange under Vietnam-krigen.
CIA-rapporten til Dianne Feinstein, som kom like før jul i fjor, bør lesast av alle amerikanarar. Det er ein detaljert gjennomgang av torturen som gjekk føre seg, til dømes mot Abu Zubaydah som vart arrestert av CIA i 2002. Etter dagar med høg rockemusikk i cella vart han plassert 47 dagar i isolasjon. Deretter kom vaktene inn med svarte støvlar, svarte hanskar og svarte finlandshetter. Fangen var naken og hadde fot–?og handjern. Så la dei han ei likkiste. I den låg han til saman 11 dagar og to timar dei neste 17 dagane. I kista greidde han knapt å røra på seg. Han vart òg utsett for waterboarding, 17 sekund på det meste, slag, høge lydar og søvnforstyrringar.
CIA påstod at torturen hadde gjeve «meaningful results». Rapporten slår fast at så ikkje var tilfellet. Den omfattande CIA-torturen desse åra fekk ein av CIA-sjefane til å skriva eit internt e-brev om at «han ikkje lenger ville verta assosiert med avhøyrsprogrammet» og ville pensjonera seg. Det dei dreiv med, var som «eit komande togkrasj» og han ville «til helsike ut av toget før det skjedde».
Det er merkeleg at eit land som har hatt folk som Thomas Jefferson og ei heroisk sjølvstendeerklæring frå 1776 om at «all men are created equal», i 2015 ikkje har klare og strenge reglar mot tortur. Og endå verre: at landet i vår tid har praktisert omfattande tortur utført av statstenestemenn med godkjenning frå høgste politisk hald.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.