Tiltak mot kriminelle nettverk
Politi i Oslo etter at ein person vart funnen med stikkskadar.
Foto: Javad Parsa / NTB
Nok ein gong får vi åtvaringar om at svenske kriminelle nettverk opererer i Noreg. Denne veka kom NRK-nett med ei stor kartlegging av kriminalitet som svenske gjengar har utført i Noreg. NRK hevdar at så mange som 40 kriminalsaker frå 2020 til 2024 er knytte til svenske kriminelle nettverk.
Sakene involverer 100 personar med norsk eller svensk statsborgarskap. Det er tale om alvorleg narkotikakriminalitet, freistnader på drap og ulike typar valdsoppdrag. Tidlegare i haust hadde NRK ei sak om svenske gjengkriminelle som utvekslar SMS-meldingar om leigedrap i Noreg.
Kripos svarar at dei har sett denne utviklinga over fleire år og har åtvara om det som no skjer. Dei seier òg at kartlegginga til NRK ikkje er fullstendig, og at Kripos sit med fleire kriminalsaker.
Regjeringa hevda i haust at statsbudsjettet inneheld ei storsatsing mot kriminelle gjengar og nettverk. Politiets Fellesforbund meinte derimot at storsatsinga var overdriven, og at mykje av pengane ville gå til investeringar i IKT og auka løns- og pensjonskostnader.
Vi bør ta åtvaringa både frå Kripos og Politiets Fellesforbund på alvor. År for år ser vi at utviklinga går i feil retning. Ein løyser sjølvsagt ikkje dette med meir politi åleine, men politiet må spela ei avgjerande rolle. Ei viktig oppgåve framover vert difor å syta for at politiet er betre i stand til å motarbeida den uheldige utviklinga.
Det krev meir ressursar og fleire politifolk. Det kostar mykje pengar, men må likevel prioriterast av Stortinget framfor mange andre gode føremål. Alternativet er meir valdskriminalitet i samfunnet vårt.
Svein Gjerdåker
Fredag 27. desember tek vi juleferie. Neste avis kjem 3. januar.
Dag og Tid ønskjer alle tingarane våre ei god jol og eit godt år i vente!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.