Førre veke tok Barneombodet eit viktig initiativ som fortener langt meir merksemd enn daglege oppdateringar i media om statsministeren som har brote smittevernreglane. Den saka bør snart leggjast død. Vi kan alle gjera feil.
Barneombodet, derimot, er det verdt å lytta til. I eit brev til regjeringa lyfter ombodet fram dei store negative fylgjene som pandemien og nedstengingane har ført til for mange barn og unge, og ber no om at regjeringa legg fram ein heilskapleg tiltaksplan for desse gruppene.
Tidlegare i vinter gav òg 245 psykologspesialistar og psykologar i ein kronikk uttrykk for at dei var sterkt uroa for situasjonen, og etterlyste tiltak.
Ein skal vera varsam med å overdriva situasjonen. Dei aller fleste klarer seg godt, og det har kome innvendingar frå fleire innanfor fagfeltet om at varselet frå psykologane er overdrive, og at dei ikkje har grunnlag i studiar for å gå så tydeleg ut.
Men tilbakemeldingane og debatten i etterkant av oppropet synest å ha fått fram dokumentasjon på at situasjonen er utfordrande. Frå fagmiljø og institusjonar har det kome mange tilbakemeldingar om at det har vore ein auke blant unge med psykiske problem.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.