Tilliten til statsministerembetet

Bør Erna Solberg trekkja seg som statsministerkandidat?

Erna Solberg under eit intervju om avsløringane av aksjehandelen til ektemannen Sindre Finnes.
Erna Solberg under eit intervju om avsløringane av aksjehandelen til ektemannen Sindre Finnes.
Publisert Sist oppdatert

Det er så langt ikkje kome fram noko som tyder på at ho visste om den omfattande aksjehandelen som ektemannen har drive med. Ho har hamna i ein lei situasjon.

Så vert spørsmålet om ho og Statsministerens kontor burde ha gjort meir for å finna ut om mannen faktisk hadde slutta med aksjehandel, slik han påstod. Men det er alltid lett i ettertid å sitja og seia slikt. At vi burde ha gjort meir i mange situasjonar, gjeld for oss alle.

Det er no opp til ingen andre enn Solberg og Høgre – ein privat organisasjon – å avgjera om ho framleis skal vera partiets statsministerkandidat. Vel Høgre å halda fram med Solberg som leiar, må veljarane gjennom val ta stilling til om dei har tillit eller ikkje til Solberg og Høgre. Slik fungerer demokratiet.

Men denne saka gjeld ikkje berre kva som vil tena tilliten til Høgre og Solberg. Saka er meir alvorleg enn som så. Den omfattande aksjehandelen til Sindre Finnes føregjekk år etter år medan ho var statsminister. Ho har etter det ho sjølv seier, vore inhabil som statsminister ved fleire høve.

Saka har difor konsekvensar for meir enn tilliten vi måtte ha til Erna Solberg og Høgre. Saka gjeld òg truverdet til politikarane våre. Sjølv om Solberg ikkje har skuld i det som har skjedd, må ho ta ansvar ut over seg sjølv og eige parti. I visse tilfelle krev respekten for dei politiske institusjonane, i dette tilfelle statsminister­embetet, at nokon tek ansvar og går av.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement