Tilliten til statsministerembetet
Bør Erna Solberg trekkja seg som statsministerkandidat? Det er så langt ikkje kome fram noko som tyder på at ho visste om den omfattande aksjehandelen som ektemannen har drive med. Ho har hamna i ein lei situasjon.
Så vert spørsmålet om ho og Statsministerens kontor burde ha gjort meir for å finna ut om mannen faktisk hadde slutta med aksjehandel, slik han påstod. Men det er alltid lett i ettertid å sitja og seia slikt. At vi burde ha gjort meir i mange situasjonar, gjeld for oss alle.
Det er no opp til ingen andre enn Solberg og Høgre – ein privat organisasjon – å avgjera om ho framleis skal vera partiets statsministerkandidat. Vel Høgre å halda fram med Solberg som leiar, må veljarane gjennom val ta stilling til om dei har tillit eller ikkje til Solberg og Høgre. Slik fungerer demokratiet.
Men denne saka gjeld ikkje berre kva som vil tena tilliten til Høgre og Solberg. Saka er meir alvorleg enn som så. Den omfattande aksjehandelen til Sindre Finnes føregjekk år etter år medan ho var statsminister. Ho har etter det ho sjølv seier, vore inhabil som statsminister ved fleire høve.
Saka har difor konsekvensar for meir enn tilliten vi måtte ha til Erna Solberg og Høgre. Saka gjeld òg truverdet til politikarane våre. Sjølv om Solberg ikkje har skuld i det som har skjedd, må ho ta ansvar ut over seg sjølv og eige parti. I visse tilfelle krev respekten for dei politiske institusjonane, i dette tilfelle statsministerembetet, at nokon tek ansvar og går av.
Saka skal no granskast av Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité. Komiteen må nytta den tida han treng. Det er uklokt å ta avgjerder i ein oppheta situasjon kort tid etter at saka vart kjend. Ein må venta på dei formelle konklusjonane frå dei som er sette til å granska saka.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement