Noreg skal gje ly og vern til flyktningar som står i fare for å missa livet. Og vi er eit rikt land som har råd og plikt til å hjelpa folk i naud. Det var òg utgangspunktet for mange av dei som var for å ta imot 10.000 kvoteflyktningar i vår.
Men no, berre eit halvår seinare, står vi overfor ein ny situasjon. Tilstrøyminga av flyktningar og migrantar er mykje større enn vi kunne sjå for oss. Enno kan vi handtera situasjonen – også om det kjem nokre titusen til. Men prognosane fortel oss om langt høgare tal. Det kan fort koma 100.000 berre neste år. Ei slik utvikling kan ikkje halda fram.
Diverre har EU synt seg utan evne og kraft til å handtera situasjonen. Såleis er det Austerrike, Tyskland, Sverige og no Finland og Noreg som tek imot dei fleste flyktningane og migrantane som kjem til Europa. Og det er ingen teikn som tyder på at det vil skje ei byrdefordeling internt i EU.
Difor må regjeringa og Stortinget ta ansvar og leggja all partipolitikk til sides og koma opp med ein politikk som stoggar massetilstrøyminga til Noreg. Noreg kan ikkje koma i same situasjon som Sverige.
I ein stor massefluktsituasjon må flyktningane gjevast vern og hjelp i nærområda. Livet i desse flyktningleirane er særs vanskeleg. Men det er den einaste praktisk og økonomisk mogelege måten det internasjonale samfunnet kan hjelpa store grupper på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.