Terrortrusselen mot Noreg

Publisert Sist oppdatert

Politiets tryggingsteneste (PST) kom denne veka med den årlege trusselvurderinga. Ikkje uventa vert terror frå ekstreme islamistar trekt fram som ein stor trussel mot Noreg. Og etter Paris 7. januar må PSTs åtvaringar takast endå meir på alvor.

I norsk samanheng står veksten av nordmenn som reiser til Syria og Irak og slåst for IS og Al-Qaida som ei av dei største utfordringane. Noreg er eitt av dei landa med flest framandkrigarar i høve til folketalet. Kanskje så mange som 150 personar har reist til Midtausten for å verta jihadistar.

Det er heit avgjerande å få bremsa denne rekrutteringa. Om så mange som 150 har reist, må ein rekna med at talet på norske IS- og Al-Qaida-sympatisørar, og potensielle norske framandkrigarar, kan mange­doblast. Sjølv om ikkje dei norske framandkrigarane skulle ha planar om å koma tilbake til Noreg, eller i det heile teke greier å reisa tilbake, for IS-drep desertørar – kan dei fungera som førebilete for norske sympatisørar og bidra til radikalisering i Noreg.

Utfordringa for Noreg er såleis stor. Vi må styrkja arbeidet med å hindra radikalisering i tett kontakt med moskeane. Vi må sikra at overvakinga har store nok ressursar til å driva det særs vanskelege arbeidet med å avsløra terror – samstundes som vi ikkje stigmatiserer den store majoriteten av norske muslimar som tek avstand frå IS. Paradokset er at dette arbeidet kan verka mot føremålet sitt om ein trør feil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement