Terrorbombing

Publisert

Minst tolv byar vart råka av russiske rakettar som hemn for øydelegginga av brua som Putin – etter Krym-annekteringa i 2014 – bygde for å knyta Krym til Russland. Ukrainarane har heile tida meint at brua vart bygd ulovleg.

Rakettåtaka var dei mest vidtfemnande sidan dei fyrste vekene etter at Russland gjekk til invasjon av landet 24. februar.

Sjølv var eg i Lviv, etter å ha kome med nattoget frå Kyiv, då rakettane slo ned i områda rundt bysentrum måndag morgon. Reaksjonane blant innbyggjarane på plassen mellom jernbanestasjonen og bystasjonen då vi høyrde drønna etter rakettnedslaga og såg røyken stiga opp, var ikkje fyrst og fremst frykt, men sinne.

Kva mål Putin og dei russiske militærleiarane hadde med det massive bombeåtaket, må gudane vita. Men om dei trur at dei på denne måten klarer å skremma ukrainarane frå å halda fram krigen, har dei misforstått. Ei slik terrorbombing vil berre stålsetja ukrainarane endå meir.

Russarane hevdar dei berre skulle råka kraftstasjonar og militære kommandosentralar. Det er ikkje truverdig, for dei veit godt at rakettane deira, skotne opp frå skip i Svartehavet og Kaspihavet, ikkje er treffsikre. Resultatet var jo òg at dei trefte mange sivile mål.

Den mest rasjonelle forklaringa på bombinga er at ho er ei helsing heim til eigen opinion for å gje inntrykk av at dei har kontroll og framdrift i «spesialoperasjonen». Men det russiske folket skjønar nok meir og meir kva for eit mistak og ein katastrofe denne krigen er.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement