Tekstreklame som journalistikk
For å sikra ei fri og uavhengig presse har seriøse aviser skilt tydeleg mellom det redaksjonelle stoffet i avisa og annonsane. Noko anna har vore uhøyrt. Men no har såkalla innhaldsmarknadsføring vorte meir og meir vanleg i norske nettaviser.
Nemninga innhaldsmarknadsføring er sjølvsagt villeiande og underrapporterer kva det eigenleg dreiar seg om. I praksis er dette tekstreklame presentert slik at det til forveksling kan likna journalistikk.
Sist ut er Schibsted-avisene VG og Bergens Tidende. Dagbladet var mellom dei fyrste – alltid framom. I sommar søkte Bergens Tidende etter ein «innholdssjef» som saman med «selgerne» skal begeistre «med gode ideer og eksempler» og til slutt «optimaliserer artikler». Alt skal sjølvsagt markerast som annonsar. Men røynsla så langt i andre nettaviser er at skilnaden er så liten at ein lett mistyder kva som er redaksjonelt stoff og desse nye annonsetypane.
Grunnen er enkel: Dei som driv med innhaldsmarknadsføring, og annonsørane som kjøper slikt, vil gjera presentasjonen så lik det redaksjonelle stoffet som mogeleg. Heile forretningsideen er bygd på det. Annonsane skal etterlikna journalistikken. Difor er òg mange av tekstreklameartiklane presenterte med byline-bilete av dei som har skrive artiklane – som om dei var vanlege journalistar i avisa.
Tidlegare journalist i Bergens Tidende Olav Kobbeltveit skreiv nyleg i Bergensavisen presist om denne utviklinga: «Det er betalt innhald, der journalistar skal skapa kjedelege annonsetekstar om til gode forteljingar, som folk vil lesa. Før i tida vart dette kalla journalistisk horeri. Schibsted har gjort det om til offisiell policy.»
Og det hastar å få sett ein stoppar for det. Lat Bergens Tidende verta den siste avisa som startar med innhaldsmarknadsføring. Dette gjeld truverdet til norsk presse. Det hjelper ikkje at aviseigarane og redaktørane forsikrar om at dei er klare over utfordringane som dette skaper, og vil vera føre var. Ordninga bryt med sjølve grunnprinsippet til ei fri og uavhengig presse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.