Tanken som tel
I sommar har det vore sjøen politikarane kastar seg over.
Kraftkrisa viser kor gale det kan gå når politikarane vil og vil, men ikkje får det til. I iveren etter å skaffa Europa eit grønt batteri i Noreg, har dei prestert å kortslutta kraftforsyninga her heime. Men det er ei anna soge.
I sommar har det elles vore sjøen politikarane kastar seg over. «Slik skal vi redde havet – og Oslofjorden», sa statsminister Støre i VG i juni. «Vi skal skru igjen krana for utslipp til havet. Målet er å stanse alle utslippene til havs», presiserte han.
Det er på høg tid, vil vel alle tenkja – vel og merke alle som ikkje har dotank i båten og båten i Oslofjorden. Dei som har det, vil kan hende tenkja: «Kor skal eg tømma dassen då, om ikkje i havet?»
Eigentleg veit vel mange svaret, då den svenske vestkysten jo er er eit framhald av Oslofjorden. På svensk side har eit forbod mot å tømma dotank «längs hela Sveriges kust, i alla sjöar och inre vattendrag» vore handheva sidan 2015, etter finsk modell anno 2002.
Sverige har no 600 vakuumtømmestasjonar med standard stuss (ISO 8099). Han høver til tankane som 60.000 svenske båteigarar for eiga rekning har tilpassa.
Det er ikkje svenske tilstander i Oslofjorden, diverre. I Indre oslofjord er det fire (4) tømmestasjonar, medan båtar med dotank finst i titusental. Støre seier at regjeringa vil senda rekninga til å kommunane langs fjorden, der Oslo sit øvst og lengt inne. Til lukke med det!
I Oslo styrer statsministerens eige parti, Arbeidarpartiet, saman med dei endå meir miljøvenlege partia MDG, SV og Raudt. Desse byrådspartia i Oslo, med unnatak av Raudt, røysta i sommar mot eit framlegg i det reviderte budsjettet om å løyva 5 millionar til fleire tømmestasjonar langs fjorden, fortel Båtmagasinet, som ikkje kunne forklara lesarane nett kvifor då ingen i miljøpartiet ville eller kunne svara på det.
Oslofjorden slapp likevel med skrekken: Den blågrøne opposisjonen fekk likevel fleirtal for å løyve pengane til nye dotømmestasjonar – med hjelp frå Raudt. Alle moner drar, sa mannen.
Johan Brox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.