Afghanistan er i ein prekær situasjon, med fare for ein stor humanitær katastrofe. Skal omverda kunna hjelpa flest mogeleg, er det ikkje nok å gjera det berre gjennom friviljuge organisasjonar. Den afghanske staten – altså Taliban – må òg spela ei rolle på eit eller anna vis.
Såleis er det positivt at Noreg, saman med USA og fleire andre vestlege land som har kriga mot Taliban i 20 år, no er i dialog og samtalar med Taliban for å prøva å leggja til rette for at ein kan opna for meir hjelp utanfrå for å hindra massesvolt og masseflukt.
Men det vil ikkje seia at det var klokt å henta Taliban til Noreg. Ikkje på grunn av kostnadene til privatflyet, som er rein populismekritikk, men fordi det er uklokt og unødvendig å gje Taliban denne typen «offisiell» legitimitet som vi no har gjort. Eit slikt møte, og ein mogeleg start på ein langvarig dialog, burde ha skjedd med lågare profil enn det vi har vore vitne til dei siste dagane.
Vesten – og ikkje minst Noreg – har for stor sjølvtillit med tanke på kva dei kan oppnå i Afghanistan. Vel så viktig er det at landa i regionen sjølve tek ansvar for ei positiv utvikling i landet.
Sjølvsagt er det viktig å slå ned på alvorlege brot på menneskerettar i Afghanistan. Men dagsordenen no er akutt hjelp til landet. Statssekretær Henrik Thune seier til Aftenposten at Taliban no har fått vita kva konkret dei må innfri for at «omverden skal være villig til å gå videre med et samarbeid med dem», og nemner skulegang for jenter innan mars i år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.