Symbolpolitikk

Publisert Sist oppdatert

Debatten rundt den nye flyseteavgifta til regjeringa syner dei store problema i klimautfordringa: mangel på heilskapleg tenking, motstand frå eit eller anna hald mot kvart eit tiltak og ikkje minst: det store spørsmålet – kvifor innføra slike avgifter når det har så liten global verknad?

For kvifor sykla på jobben når eit fly mellom Oslo og Thailand med norske turistar svir av tonnevis av CO2? Eller kvifor innføra ei norsk flyseteavgift, og om ein skal tru NHO – tapa 5000–6000 arbeidplassar – samstundes med at India opnar ei ny kolgruve kvar månad?

Det som då kan motivera oss, er trua på at det gamle slagordet framleis gjeld: tenkja globalt – handla lokalt. Når over 50 prosent av flyreisene i verda skjer i Europa og USA, og innbyggjarane i Noreg er mellom dei i verda som flyg mest, må vi òg handla lokalt. Berre 2 prosent av flytrafikken skjer i Afrika.

Men skal ulike avgifter ha ein reell verknad må dei vera ein del av ein større heilskap. Heile statsbudsjettet må ha ein tydeleg grøn profil, med satsing på mindre energiforbruk og raskare overgang til karbonfrie energi­kjelder.

Nokre nye avgifter her og der hjelper lite. Og regjeringa sjølv trur ikkje eingong på flyseteavgifta. Frp er imot og Høgre har tidlegare kalla avgifta for «et typisk SV-forslag».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement