Svikta av det internasjonale samfunnet
Nye tal frå FNs høgkommissær for flyktningar syner at dei humanitære hjelpeorganisasjonane i dei syriske nærområda er i desperat mangel for pengar. Flyktningleirane er kraftig underfinansierte.
I Egypt har dei friviljuge organisasjonane berre dekning for 27 prosent av utgiftene, i Irak for 37 prosent, i Jordan 52 prosent, i Libanon 52 prosent og Tyrkia 36 prosent. UNHCRs eige arbeid i flyktningleirane i nærområda manglar 40 prosent av den naudsynet finansieringa. Dessutan er det mange andre flyktningkatastrofar der flyktningleirane er minst like råka av pengemangel – som i Sør-Sudan og Den sentralafrikanske republikken.
Det er merkeleg at det internasjonale samfunnet ikkje greier å stilla opp betre. Om ikkje anna enn av pur eigeninteresse. For di meir elendige tilhøva er i flyktningleirane, di fleire flyktningar reiser vidare til andre land.
Men slik fungerer altså ikkje internasjonal politikk i praksis. Fyrst når eit land må ut med pengane, når flyktningane er komne hit, vert pengane løyvde. Det er diverre for liten vilje landa imellom til å ta internasjonalt ansvar. Du ser det same i EUs flyktningpolitikk. Byrdefordelinga er minimal. Det gjeld å koma seg unna. EU som organisasjon har svikta totalt.
Dette syner at «det internasjonale samfunnet» fort berre tyder noko når det har nytte for oss. Den harde sanninga er diverre at trass i dei mange internasjonale organisasjonane stoggar mykje av ansvaret ved landegrensene. Dei som er innanfor grensa, er ansvaret til staten. Dei som er utanfor, er det ikkje.
Politikk handlar fort om å verta attvald, og då er det engasjement i kortsiktige, nasjonale tema som gjev vinst. Du får inga merksemd om du bed om meir støtte til flyktningane frå Sør-Sudan. Difor er det så viktig med folkeleg press og at media følgjer kraftigare opp slike tema.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.