SV og Nato

Publisert

Du er modig om du i dag går inn for å melda Noreg ut av Nato. Men i SV er det framleis, trass den russiske invasjonen av Ukraina, dei som vil det. Klassekampen skriv at halve programkomiteen i partiet har som mål at Noreg skal stå utanfor forsvarsalliansen.

Men fleirtalet i komiteen vil iallfall fjerna setninga om at «SV mener at Norge bør melde seg ut av Nato», og at ein i programmet ikkje seier noko om medlemskapsspørsmålet. Går dette igjennom på landsmøtet til våren, vil SV i praksis ikkje lenger vera imot norsk Nato-medlemskap.

Det er fornuftig. Ikkje fordi Noreg er direkte truga av ein russisk invasjon, men fordi det er viktig, i den situasjonen Europa no er i, å stå samla mot den russiske krigsmakta og den meiningslause invasjonen av Ukraina.

Dessutan er ideen om ein eigen nordisk forsvarsallianse sjølvsagt heilt urealistisk no når Finland og Sverige vil inn i Nato. Og slik den militærpolitiske situasjonen no er vorten i Europa, er det uklokt å vera mot både EU og Nato, slik SV er i dag.

Men SV, tufta på Nato-motstanden, kan òg, som eit «ja til Nato»-parti, spela ei viktig rolle for å bidra til at Noreg held fram med avspenningspolitikken andsynes Russland, og at vi framleis ikkje tillet atomvåpen på norsk jord – og ikkje minst bidra til å hindra at Noreg ikkje støttar alle mogelege Nato-engasjement rundt om i verda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement