Strenge tiltak

Publisert

Om koronaepidemien utviklar seg slik han har gjort så langt, har vi 4000 stadfesta koronasmitta i Noreg om knappe 14 dagar. Og vi veit no at det er fleire uregistrerte smittarar i landet. Det fortel oss at situasjonen er alvorleg.

Diverre har Folkehelseinstituttet til no vore for utydeleg og for lite konkret. Det har vore for mykje «du bør kanskje», «du må vurdera å gjera slik og slik» og så bortetter. Men vi hadde alt frå byrjinga av trunge klare meldingar som vi kan leva etter, som ingen kan mistolka, som skal gjelda over heile landet, og som skal ha følgjer for den einskilde å bryta.

Torsdag føremiddag denne veka stod det framleis på nettsidene til Folkehelseinstituttet: «Begrens håndhilsning, kyssing og klemming.» Kvifor berre avgrense og ikkje stille eit eintydig krav om å kutta ut all handhelsing og klemming?

Vi treng tydeleg tale og strenge tiltak. Til no har det vore altfor mykje opp til kommunar og ulike verksemder å ta ansvar.

Difor har vi hatt nokre kommunar som har innført strenge reglar – andre ikkje. Slik kunne vi ikkje ha det. Tiltaka mot denne store utfordringa vi no står andsynes, må koordinerast med myndig hand.

Om vi innfører for strenge tiltak, kan det vera at ettertida vil seia vi vart hysteriske. Det får så vera. Slik situasjonen er no, tyder alt på at det er klokast å handla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement