Stram inn

Publisert Sist oppdatert

I verdas rikaste land ser alle parti ut til å vera samde om éin ting: meir og større satsing på det meste. Ikkje minst fleire vegar og jarnbanar. Eit statsbudsjett på 1000 milliardar er ikkje nok.

Som vi skriv om i dagens avis, har utgiftene til staten gått i vêret dei ti siste åra. I 2004 var budsjettet på 625 milliardar. Korrigert for inflasjonen skulle det tilseia 730 milliardar i dag. Men i år brukar staten 1065 milliardar, eller 335 milliardar meir enn i 2004.

Er det bra? Det er bra for det private konsumet. Lønene aukar. Nordmenn vert rikare og rikare. Vi kan ta lange feriar i Spania og hyra inn billeg utanlandsk arbeidskraft til å pussa opp huset i det uendelege.

Så kvifor vera kritisk? Sjå på Spania og Hellas. Dei har grunn til å klaga – men her heime vert vi jo rikare og rikare. Vel, denne kostnadsutviklinga kan ikkje vera sunn for økonomien til eit land. Sjå berre på tilhøvet mellom Sverige og Noreg.

Gjennomsnittsinntekta i Sverige er 288.000 i året. I Noreg er ho 480.000. Det seier det meste. Vi greier ikkje å halda oppe ein variert industri med lønsame verksemder når kostnadene skil seg ut på denne måten.

Det Noreg treng no, er å stogga løns–?og kostnadsveksten, investera mindre i Nordsjøen, få fleire ut av trygdesystemet og bruka mindre av Oljefondet. Då handlingsregelen på 4 prosent vart innførd i 2001, var fondet på 631 milliardar. Då kunne vi bruka 25 milliardar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement