Stortinget handsama denne veka den norske spelpolitikken. Diverre skjer det få innstrammingar trass i at 120.000 nordmenn er avhengige av å spela pengespel.
Regjeringa burde ha gjort tilboda til Norsk Tipping mindre attraktive, for Norsk Tipping driv ein ganske aggressiv spelpolitikk. Dessutan burde dei føreslått blokkering på nettet som tiltak for å hindra uregulerte utanlandske pengespelselskap i Noreg. Fleire europeiske land gjer dette i dag.
Det er derimot klokt av regjeringa å endra fordelinga av tippemidlane som skal gå til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. I 2007 vart spelmarknaden stramma inn, og private organisasjonar vart nekta å tena pengar på pengespel.
Organisasjonane som hadde speleautomatar, fekk då flat kompensasjon år etter år for tapet av inntektene. Og det var tale om store pengar. I 2006 hadde Raudekrossen åleine 3393 spelautomatar. Redningsselskapet 2650. Bruttostraumen av kontantar gjennom automatane til Redningsselskapet var i 2004 2,78 milliardar. Det er knapt til å tru i dag.
Men no må alle søkja pengar frå tippemidlane på vanleg måte, med unnatak av dei tre største: Redningsselskapet, Raudekrossen og Norsk Folkehjelp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.