Stortinget styrkjer seg

Publisert

Det måtte gå som det gjekk. Frp, Venstre og KrF hadde lite i same regjering å gjera. Det er merkeleg at ikkje Frp skjøna dette før og sa nei til å ta inn dei to partia i regjeringa. Både Venstre og den raude halvparten av KrF var så kritiske til Frp under valkampen i 2016 at det var naivt å tru dei tre partia kunne samla seg om ein felles politikk utan store gnissingar.

Når så meiningsmålingane for alle dei tre partia vart dårlegare og dårlegare, var løpet køyrt. Dårlege meiningsmålingar er særs øydeleggjande for den interne stemninga i eit politisk parti. Og god stemning var naudsynt for å halda i gang ei koalisjonsregjering som altfor mange av partimedlemene i dei tre partia ikkje var oppglødde for.

Likevel er det overraskande at Frp gjekk ut av regjeringa no, for det vert ikkje lett å koma inn att ved eit seinare høve. Dessutan er sjølve saka dei valde, heimhentinga av IS-kvinna og dei to borna hennar, ei dårleg sak å gå av på.

Det vert som då Willoch-regjeringa gjekk av fordi dei ikkje fekk auka bensinavgifta med 42 øre. Det vert for smått. Skal ein gå ut av ei regjering, må ei større sak stå på spel.

Vinnarane som står att, kan fort verta KrF og Venstre. Begge partia kunne ha kome under sperregrensa ved neste val om ikkje noko drastisk hadde skjedd. Utan Frp kjem dei i ein heilt annan posisjon og har fått den regjeringskonstellasjonen dei har ønskt seg etter dei to siste vala. Lukka har vore betre enn forstanden.

Ein lærdom er kanskje at firepartiregjeringar ikkje fungerer. Begge vi har hatt til no, Borten og Solberg II, har gått under. Mindretalsregjeringar er det normale i moderne norsk politikk, med Stoltenberg II og det siste året med Solberg-regjeringa som unnatak.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement