Stortinget må ta sjølvkritikkStyringa og kostnadsoverskridingane knytte til Stortingets omfattande byggjeprosjekt er særs kritikkverdig. Som øvste ansvarleg har ikkje stortingspresidenten godt nok sytt for å gje Stortinget oppdatert informasjon om kostnads
Styringa og kostnadsoverskridingane knytte til Stortingets omfattande byggjeprosjekt er særs kritikkverdig. Som øvste ansvarleg har ikkje stortingspresidenten godt nok sytt for å gje Stortinget oppdatert informasjon om kostnadsutviklinga. Difor må stortingspresidenten ta ansvar og trekkja seg frå presidentvervet. Alvoret i saka krev det.
Men kritikken kan ikkje berre rettast mot stortingspresidenten. I Riksrevisjonens rapport frå i fjor står det: «Stortingets byggeprosjekt er et uvanlig og svært krevende byggeprosjekt med totalrehabilitering av Prinsens gate 26. I tillegg er bygging av nytt post- og varemottak, samt alternativ garasjeutkjøring og innkjøringstunnel til post- og varemottaket innlemmet i prosjektet. Det at byggeprosjektet gjennomføres midt i Oslo sentrum, med kollektivtransport i umiddelbar nærhet, gjør prosjektet ytterligere komplekst.»
Skal ein gjennomføra eit slikt «uvanlig og svært krevende» byggjeprosjekt, må ein syta for ein byggherre med solid kompetanse og kapasitet – og som har dette som hovudoppgåve. Det kan ein ikkje på nokon måte forventa at stortingsadministrasjonen og presidentskapet sit inne med – sjølv om dei undervegs har leigd inn meir og meir hjelp til prosjektstyringa.
Dette burde Stortinget ha skjøna då dei vedtok utbygginga, og fått Statsbygg til å stå som byggherre. Det ville kravd ei drøfting og avklaring av dei konstitusjonelle problema som det ville medført. For det heiter seg at Stortinget ikkje skal kunna nytta Statsbygg som byggherre av di Statsbygg er underlagd regjeringa – som igjen er kontrollert av Stortinget.
Men omfanget i denne saka burde gjort at Stortinget utfordra dette hinderet, for det er fleire juristar som meiner at dette er eit kunstig sjølvpålagt hinder. Tidlegare sivilombodsmann Arne Fliflet seier til dømes til Dag og Tid at «konstitusjonelt vil det vera meir korrekt og ryddigare at byggherreoppdrag av denne typen vart lagt til Statsbygg. Det ville harmonert betre med grunnlova § 19».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.