Store utfordringar for sjukehusa

Publisert

I april 2018 stilte Jonas Gahr Støre dåverande statsminister Erna Solberg følgjande spørsmål om tilstanden ved norske sjukehus: «Er du enig i at det nå er skåret til beinet, og at det begynner å svekke tilbudet for god pasientbehandling og kvaliteten i fellesskapets sykehus?»

Han synte til at han hadde vore rundt på sjukehus i Noreg og fått varsel om at dei vert tappa for pengar og personell. Knappe fire år etter er det han sjølv, statsråd Kjerkhol og regjeringa som får kritikk for den økonomiske situasjonen ved sjukehusa. Politikk skal ikkje vera enkelt.

Fire helseføretak budsjetterer med underskot i 2023, skriv Alltinget. Helse-Trøndelag med 130 millionar, Finnmarkssjukehuset med 111 millionar. Voss sjukehus, skriv avisa Hordaland, må klara seg med 27 millionar mindre enn i 2021. Av desse skal 21 millionar dekka inn overforbruket i 2021.

Regjeringa meiner at sjukehusa kan måtta utsetja vedlikehald og investeringar – og kutta i vikarbruken. Det siste høyrest enkelt ut, men er det ikkje i praksis. Alt no i januar har fleire sjukehus hatt såpass mykje sjukefråvær at vikarbudsjetta for året fort kan sprekka.

Hard innsparing på vikarbruk og krevjande vakter for dei som er att på jobb, bidrar ikkje til å halda på fagfolka ved sjukehusa eller gjera det attraktivt nok til å rekruttera nye. Men nettopp nyrekruttering av fagfolk, som Kjerkhol sjølv peikar på, er ei stor utfordring for sjukehusa framover.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement