Støre som kateket

Publisert

I nyttårstalen stod statsminister Jonas Gahr Støre fram som ein kateket som preika til konfirmantane sine. Tema for samlinga var samhald, at vi set ord på kjenslene våre, og ei von om at vi alle i jula hadde møtt nokon vi er glad i. Det er vi sjølvsagt samde om, men den bodskapen klarte kong Harald å få fram tydeleg nok kvelden før.

Vi er no i ei tid med «krig i Europa, høge prisar og klimaendringar», som Støre sjølv understreka. Då bør han ta publikum meir på alvor, tala meir politikk og gje dei noko konkret å ta stilling til.

Men Støre har som tidlegare statsministrar late seg fanga av ein sjanger som har gjort talane meir og meir uinteressante og dermed fort gløymde. Skal det halda fram på same måten, kan ein like godt avvikla heile ritualet.

Men det har trass alt vore tillaup til nyttårstalar med noko meir substans. Per Borten hadde i 1966 ei lita filosofisk utgreiing om kulturomgrepet og at ein ikkje måtte avgrensa det til kulturfond og kulturministrar, men at kultur oppstår i møtet einskildmennesket har med naturen, med tinga og produkta av «håndens og åndens arbeid».

Gro Harlem Brundtland hadde ei klar helsing til EU-motstandarane 1. januar 1994: «For meg er forpliktende internasjonalt samarbeid en måte å utvide vår sjølråderett på og vinne demokratisk styring på områder der landene hver for seg kommer til kort.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement