Støre og Giske-sakaJonas Gahr Støre har fått mykje kritikk i media for handteringa av Giske-saka. Han skal ha abdisert, er passiv, verkar redd og har ikkje handla raskt nok.

Publisert

Jonas Gahr Støre har fått mykje kritikk i media for handteringa av Giske-saka. Han skal ha abdisert, er passiv, verkar redd og har ikkje handla raskt nok.

Det er urettmessige skuldingar. For Støre synest å ha handla fornuftig og prinsipielt i denne saka og har ikkje late seg driva fram av media til forhasta konklusjonar. På same tid har han stått fram med omsyn og omtanke for dei kvinnene som har varsla.

Alt dette er gjort samstundes som enkelte aviser har hatt tilgang til ein endelaus straum av lekkasjar frå interne møte og rapportar i Arbeidarpartiet. Media må sjølvsagt takka ja til desse lekkasjane, men burde synt større forståing i dei mange kommentarane som vert skrivne, for at slike lekkasjar gjer det svært krevjande å handtera ei sak når omverda får nærast direkte innsyn i interne diskusjonar.

#MeToo-kampanjen vil bli ståande som eit viktig tidsskilje. Merksemda kampanjen har fått, har gjort det lettare for unge kvinner som har opplevd seksuell trakassering, å rapportera inn historiene sine. Vonleg vil #MeToo føra til at det vert færre slike historier i framtida.

Men kampanjen reiser òg viktige prinsipielle utfordringar og kan få uheldige følgjer. Han må ikkje verta ein gapestokk der einskildindivid ikkje får høve til å forsvara seg og koma med sin versjon av saka – og kanskje verta urettmessig uthengde. I ein rettsstat er dette sjølvsagt, og media har her eit særleg ansvar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement