Store eller små kommunar?

Publisert Sist oppdatert

Korleis få til gode kommunale tenester og samstundes sikra at dei små bygdesamfunna overlever etter beste evne slik vi kjenner dei i dag? Er ei storstila kommunesamanslåing vegen å gå?

Det er ikkje like lett å få til begge delar. Dei små kommunane vil fort tapa i ei samanslåing med ein stor kommune, missa mange kommunale arbeidsplassar og oppleva at det gamle kommunesenteret verta utarma. No går det uansett føre seg ei negativ utvikling i mange småkommunar alt i dag. Mange vil bu i større sentra med meir variert arbeidsliv enn det mindre kommunar kan tilby. Difor må sjølvsagt alle kommunar vurdera ulike samarbeidsalternativ slik regjeringa har lagt opp til.

Men heller enn ei storslått samanslåing kan svaret vera meir variasjon mellom kommunane og ulike løysingar for ulike kommunar. Meir interkommunalt samarbeid kan vera den beste løysinga. Kanskje treng ikkje ein kommune ha fleire oppgåver enn å syta for eit kommunestyre som sikrar drifta av grunnskulen, men kjøper eller samarbeider om dei andre tenestene? Ein må ikkje laga store einingar for å få til gode tenester.

Ulempa er at desse interkommunale selskapa og ordningane ikkje alltid er like lett å påverka gjennom kommunestyra, som igjen skaper eit demokratisk underskot. Men det er kanskje ein kostnad som er til å bera.

For ofte er det å vera ein kommune i seg sjølv ein føresetnad for å halda oppe busetjinga i mange område. Forsvinn ein liten kommune inn i ein stor, forsvinn fort ein viktig føresetnad for å halda oppe ein sterk identitet til bygda. Og identitet er heilt avgjerande for ei bygd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement