Storbritannia og Noreg i same bås
Det er leitt, det som skjer i Storbritannia for tida. Landet har rota seg inn i eit uføre. Same kva vil dei koma uheldig ut. Forlèt dei EU, vil dei tapa handelsinntekter og arbeidsplassar. Vert det ei ny folkerøysting, vil det forsterka splittinga i folket same kva resultatet vert.
Det var det gamle EEC i 1970-åra som var meint for Storbritannia, før unionen og sentraliseringa, før Schengen-avtalen og Maastricht-traktaten.
Det gamle øyriket høver ikkje inn i ein føderalliknande union. Unionsskepsisen var ikkje berre eit særtrekk ved statsminister Margaret Thatcher. Dei ivrige europeiske føderalistane burde ha skjøna dette og teke omsyn til den spesielle britiske kulturen og historia.
Det er fullt mogeleg for alle medlemsland å melda seg ut av EU. Men det er i teorien, knapt i praksis. For ingen EU-land vil gje avkall på ein tollfri tilgang til EU-marknaden. Så sjølv om eit land melder seg ut, må det likevel inngå ein EØS-liknande avtale for å sikra mest mogeleg handel. Og ein EØS-avtale er i røynda å rekna som ein medlemskap – berre utan røysterett. Kva er då vitsen med å melda seg ut?
Noreg er i praksis i same situasjon som Storbritannia. Det er mogeleg å gå ut av EØS – og mange argument talar for det, særleg det demokratiske underskotet som medlemskapen medfører – og såleis kunna stå for ein meir sjølvstendig politikk på mange område. Men no er vi så integrerte i EUs lover, rettar, plikter og handel at det vil kosta for mykje.
Slaget stod i 1994, då vi sa ja til EØS-avtalen. Men no, 25 år etter, har vi bunde oss til masta. Dei gamle frihandelsavtalane er det ikkje realistisk å attskapa. Å tru noko anna er som å høyra brexit-tilhengarane under valkampen i 2016 seia at Storbritannia «vil få ein avtale med EU innan 48 timar».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.