Stoltenberg bør ikkje verta sentralbanksjef
Jens Stoltenberg er arbeidarpartimann. Han har vore partileiar, finansminister og statsminister. Han har gjennom ei rekkje verv i Arbeidarpartiet vore ein sentral politikkutformar og maktutøvar i Noreg gjennom fleire tiår. Som offentleg figur vil han såleis for alltid vera sterkt knytt til Arbeidarpartiet.
Det er difor uheldig at Finansdepartementet har oppmoda Jens Stoltenberg om å søkja stillinga som sentralbanksjef – og at han sjølv no aktivt søkjer stillinga. Ein sentralbanksjef bør vera fri partipolitiske bindingar og ikkje ha for nære relasjonar til det politiske maktapparatet.
Då vi fekk den nye sentralbanklova i 2019, la Finansdepartementet tydeleg vekt på verdien av den frie stillinga til Noregs Bank: Noregs Bank skulle ha stor grad av fridom, og regjeringa skulle ikkje kunna «instruere banken i sin virksomhet etter sentralbankloven, unntatt i ekstraordinære situasjoner».
Noregs Bank og sentralbanksjefen har ein solid posisjon og sterkt truverd i opinionen nettopp fordi banken vert sett på som eit forvaltingsorgan utan partibindingar. Det er såleis ikkje faglege, formelle eller juridiske grunnar til at Stoltenberg ikkje bør verta sentralbanksjef, men eine og åleine for å sikra at banken framleis har eit tydeleg fagleg sjølvstende.
Dessutan høver det seg ikkje, same kor inhabil Jonas Gahr Støre måtte melda seg, at regjeringa hans utnemner den som var med på å lyfta den noverande statsministeren opp og fram i politikken. I politikken må ein vera ekstra varsam med å etterlata inntrykk av at folk i maktposisjonar tilset kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.