Stogg meir utbygging på Finse
«Neste stasjon er Finse, Bergensbanens høgastliggjande stasjon, 1222 meter over havet. Avstiging på høgre side.» Det er ei oppleving kvar gong ein kjem til Finse. Synet av Finsevatnet, Jøkulen og høgfjellet er unikt.
Og den vesle Finse-grenda med den vakre stasjonsbygningen, lokomotivstallane, Rallarmuseet, den gamle butikken, skulen, velferdsbygget og hotellet skapar ei heilt spesiell stemning.
Denne spesielle høgfjellsgrenda har nasjonal verdi og bør vernast mest mogeleg slik ho er, med si blanding av jernbanemiljø, samfunnshus, bustadhus, hytter, eit hotell og ei turisthytte. Alt bygd i nøktern storleik og utforming, høgt til fjells og utan preg av masseturismen som ein finn nok av andre stader.
Diverre har Bane Nor Eigedom, som forvaltar alle offentlege jarnbaneeigedomar i Noreg, fått for seg at dei skal kommersialisera og tena pengar på eigedomane sine. På Voss har dei bygd eit stort hotell som konkurrerer med dei gamle hotella i bygda. Og på Finse skal dei no byggja fleire rekkjehus på oppsida av jernbanen og eit større husværebygg framfor jernbanestasjonen ned mot vatnet.
For nokre år sidan vart det bygd eit nytt stort husværebygg ved sida av hotellet. Det var uheldig, men er lite å gjera med. No gjeld det at utbygginga på Finse ikkje held fram. Får Bane Nor viljen sin, vil utbygginga endra karakteren til Finse drastisk, med tre store bygningar ved sida av kvarandre i eit lite bygningsmiljø.
Bane Nor Eigedom er eit statleg selskap, men staten treng ikkje pengane frå salet av nokre husvære på Finse. Ein mykje større verdi for Noreg i framtida er eit Finse som er mest mogeleg intakt slik det har vore dei siste tiåra, der ein held i hevd og utnyttar bygningane som alt er der, på ein god måte. Det vil òg sjølvsagt vera til det beste for den sårbare naturen som er i området.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.