Sterkare tiltak mot Polen og Ungarn Kva skal ein gjera med dei austeuropeiske landa som ikkje vil støtta dei same verdiane og oppfylla sentrale reglar og vedtak i EU – som å ta imot flyktningar, sikra pressefridom og tryggja ålmenne rettsprinsipp? Særleg g
Kva skal ein gjera med dei austeuropeiske landa som ikkje vil støtta dei same verdiane og oppfylla sentrale reglar og vedtak i EU – som å ta imot flyktningar, sikra pressefridom og tryggja ålmenne rettsprinsipp? Særleg gjeld dette no Polen og Ungarn.
Spørsmålet er politisk og intellektuelt svært interessant og kjem til å påverka ordskiftet om EU i årevis framover. I Noreg diskuterer vi knapt EU-spørsmål lenger, men om ikkje anna burde vi vera interesserte i temaet av di vi gjennom EØS-avtalen overfører mykje pengar til Polen og Ungarn – 10 milliardar kroner mellom 2014–2021.
Fyrst bør det seiast at EU dei siste tiåra har vore overambisiøs og undervurdert vanskane med å integrera dei gamle kommunistlanda i EU.
Ein bør difor vera varsam med å innføra for sterke sanksjonar mot EU-land som slit med demokratiutviklinga. Det er freistande å sanksjonera hardt mot den populismen Polen og Ungarn står for, men faren er at ein spissar til situasjonen utan å oppnå nokon ting.
Samstundes er EU ikkje berre ei ordning for økonomi og frihandel. Utan EUs vektlegging av demokrati og menneskerettar vil unionen mista legitimiteten sin. Det er såleis avgjerande at medlemsstatane innfrir standardane på desse områda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.