Køyrer du E6 nordover frå Oslo langs Mjøsa mot Hamar, vil du kunna sjå to små såkalla Ferrari-raude bygningar langs vegen. Bygningane liknar nokre dataanimerte molekyl eller romfararaktige farty. Eller kanskje liknar dei mest på to raude igloar?
Uansett utsjånad er det tale om to toalett bygde til trengjande vegfararar. Ifylgje Statens vegvesen skal toaletta vera eit blikkfang der folk skal stogga og ta «den hvilepausen de trenger for å bli en sikker trafikant».
Det må av og til vera lov å vera spenstig i den arkitektonisk utforminga. Og desse toaletta, med innervegger kledde med lakkerte glasfiberarmert polymerkompositt og yttervegger med ein «fasettert geometri basert på trekanter», som det står i ein brosjyre om toaletta, er kanskje tøffe nok.
Problemet er prisen. Som bladet Motor skreiv om før jul, og som NRK skriv om denne veka, kosta dei to toaletta til saman 16,9 millionar kroner då dei vart bygde for fem år sidan. No kan ein seia at det er lenge sidan, og at det er lite vi kan gjera med det no. Dessutan er 16,9 millionar ingenting mot kva sjølve firefeltsvegen kosta.
Likevel er saka interessant som døme på offentleg sløseri. Desse små toaletta er eit nytt døme på at statleg pengebruk ofte er friteken vanleg sunn og nøktern budsjettering. Folk som er vane med store budsjett, vert fort fartsblinde. Men staten må slutta å tru at når eit prosjekt kostar mange milliardar, er nokre promille av desse milliardane småpengar. For i sum vert alle desse småsummane til slutt mange pengar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.