Staten må ta ansvaret
Kunnskapsminister Guri Melby seier til NRK at norske lærarar kan syna elevane karikaturar av Muhammed dersom det er relevant for undervisinga. Ho meiner det er opp til lærarane sjølve å vurdera dette, og seier at ho har tillit til at lærarane gjer det på fornuftig vis.
Det høyrest flott ut. Stor fridom for lærarane til korleis dei skal leggja opp undervisinga, er bra og vil kunna medverka til ein betre skule og ein meir spanande kvardag for både elevar og lærarar.
Men utfordringane rundt karikaturteikningane og ein open religionskritikk i skulen er likevel langt frå løyste med kunnskapsministerens tillit til lærarane. Til det er alt rundt Muhammed-karikaturane for konfliktfullt og potensielt farleg. Det har hendinga i Frankrike sist veke synt oss på nytt.
Då kan ein ikkje berre overlata til kvar einskild lærar å vurdera om ein skal visa teikningane, og korleis ein eventuelt skal gjera det. Om teikningane skal visast for skuleelevar – og det bør dei – må eit meir overordna opplegg til.
Det bør difor lagast eit undervisingsopplegg som er godt planlagt, grunngjeve og vedteke av Utdanningsdirektoratet – og som alle skulane fylgjer opp. Diverre er teikningane så konfliktskapande at eit slikt overordna opplegg er naudsynt.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Kunnskapsminister Guri Melby seier til NRK at norske lærarar kan syna elevane karikaturar av Muhammed dersom det er relevant for undervisinga. Ho meiner det er opp til lærarane sjølve å vurdera dette, og seier at ho har tillit til at lærarane gjer det på fornuftig vis.
Det høyrest flott ut. Stor fridom for lærarane til korleis dei skal leggja opp undervisinga, er bra og vil kunna medverka til ein betre skule og ein meir spanande kvardag for både elevar og lærarar.
Men utfordringane rundt karikaturteikningane og ein open religionskritikk i skulen er likevel langt frå løyste med kunnskapsministerens tillit til lærarane. Til det er alt rundt Muhammed-karikaturane for konfliktfullt og potensielt farleg. Det har hendinga i Frankrike sist veke synt oss på nytt.
Då kan ein ikkje berre overlata til kvar einskild lærar å vurdera om ein skal visa teikningane, og korleis ein eventuelt skal gjera det. Om teikningane skal visast for skuleelevar – og det bør dei – må eit meir overordna opplegg til.
Det bør difor lagast eit undervisingsopplegg som er godt planlagt, grunngjeve og vedteke av Utdanningsdirektoratet – og som alle skulane fylgjer opp. Diverre er teikningane så konfliktskapande at eit slikt overordna opplegg er naudsynt.
Svein Gjerdåker
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE