Stadutvikling på villvegar
Vi kan skryta av mykje i dette landet, men arkitekturen i norske byar og bygder bør vi tala lågt om. Dag og Tid har i fleire år skrive om arkitektur og stadutvikling i Noreg. Til no har det vorte 37 reportasjar frå norske bygder og byar. Berre to har fått terningkast seks – Lom og Røros. Altfor mange stader manglar ein gjennomtenkt plan for korleis byen eller bygda skal sjå ut, for ikkje å tala om dei stadene som ikkje har ein sentrumsplan i det heile.
Grunnen er ofte at norsk arkitektur og stadutvikling diverre er prega av at det er entreprenørar og utbyggjarane som får leggja føringane for korleis ting vert gjorde. Fagkompetansen finst knapt i norske kommunar. Byplanleggjarar er ei mangelvare. Eit godt døme på kva dette fører til, er Førde, som vi skriv om i denne avisa.
I Førde har Coop fått oppfylt ønska sine. Resultatet er eit nytt stort kjøpesenter utanfor sentrum som kjem til å utarma bykjernen. Førde var på god veg til å retta opp feila som vart gjorde i 1970- og 80-åra. Diverre kjem Coop no og øydelegg det heile og forsterkar Noregs posisjon som det landet i verda med flest kvadratmeter kjøpesenter per innbyggjar.
Verdien av eit tett og levande sentrum er dårleg forstått i norske byar og bygder. Altfor ofte har vi lagt skular, sjukehus og næringsverksemder utanfor sentrum. Grunnen har oftast vore kostnader: Det har vore billegare å byggja funksjonelt utanfor sentrum. Ulempa har vorte tomme sentrumsgater og eit kaldt arkitektonisk bumiljø.
Dessutan er det ofte umogeleg å fylla desse bygga med andre funksjonar om det skulle vera naudsynt. Bygningane er ofte stygge modular av simpel materialkvalitet som er laga for ei kort levetid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.