Spekulativ journalistikk

Publisert

VGs dekning av dansevideoen til Trond Giske er ei stygg sak for truverdet til pressa. VG vinkla saka slik at lesaren vart sitjande att med eit klart inntrykk av at Giske no hadde hamna i ei ny metoo-sak: «... det ble litt mye, så jeg og venninnen min dro derfra», som VG skreiv. Men realiteten var altså at kvinnene opplevde det som «uproblematisk og greit».

VGs dekning av Giske-videoen er eit nytt døme på kor gale det kan gå når media er overivrige og ikkje tek seg god nok tid til å sjekka realitetane i saka. Då tek raskt den tabloide tenkinga over, og ynsket om å koma fyrst vert styrande. Nettjournalistikk minutt for minutt har sjølvsagt gjort dette endå meir aktuelt. Dagens medieverd krev redaktørar, deskansvarlege og journalistar som heile tida tenkjer prinsipielt og faktabasert og ikkje lèt seg styra av tabloide vinklingar.

Kommentatorar i Dagbladet og ei rekkje aviser har fylgt opp den spekulative VG-lina i videosaka. Men ikkje alle. Anki Gerhardsen, i spalta Medierevisjonen i Aftenposten, og Mari Skurdal, ansvarleg redaktør i Klassekampen, har skrive prinsipielt, kritisk og godt om mediedekninga i denne saka.

VG har sagt seg lei for dei feilaktige opplysingane dei kom med, og fortel at saka aldri skulle ha kome på trykk slik ho vart presentert. Det er bra. Lat oss vona at saka vert ein lærdom for alle avisredaksjonar.

Denne typen journalistikk er med på å bryta ned tilliten til media, som er avgjerande nettopp i metoo-sakene. I slike alvorlege saker kan ikkje media bomma på fakta. Difor må dei sjekka sakene på nytt og på nytt og vera pinleg korrekte i all omtale.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement