SnuoperasjonenKven av dei tre regjeringspartnarane vil tena mest på den nye regjeringa? Venstre risikerer mest og har lagt heile lagnaden sin i det nye regjeringssamarbeidet med Frp og Høgre. No er ikkje Venstre lenger eit vanleg sentrumsparti, men meir so
Kven av dei tre regjeringspartnarane vil tena mest på den nye regjeringa? Venstre risikerer mest og har lagt heile lagnaden sin i det nye regjeringssamarbeidet med Frp og Høgre. No er ikkje Venstre lenger eit vanleg sentrumsparti, men meir som eit høgreparti å rekna. Det er greitt nok. Men det er ufint at dei sa noko anna til veljarane sist sommar.
At Venstre går frå å vera eit tydeleg Frp-kritisk parti i september til å samarbeida tett med Frp i regjering i januar, er ein av dei største snuoperasjonane i norsk politikk. Særleg sidan skiftet skjedde kort tid etter at dei hadde gått til val på noko heilt anna. Det kjem dei til å mista både medlemer og veljarar på. Spørsmålet er kor mange nye som kjem til.
Kva Frp har å tena på at Venstre vert med i regjeringa, er vanskeleg å skjøna. Som medlem i den førre regjeringa hadde Høgre alt teke inn Frp i det gode selskapet og normalisert partiet. Men når Venstre kjem inn, reduserer det makta til Framstegspartiet. Posisjon til partiet vil verta ytterlegare svekt om KrF òg kjem med.
Høgre er vinnaren så langt. Partiet kan no stå fram som den store brubyggjaren i norsk politikk som kan samla kreftene til felles innsats. Difor er det viktig for Høgre at òg KrF kjem med i regjeringa. Då har dei skapt ein maktbase som kan utfordra Arbeidarpartiet i mange år framover. Det hastar for Arbeidarpartiet å koma opp med eit reelt alternativ.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.