«– Er det aktuelt for dere å revurdere Lambda? –?Nei, det er ikke aktuelt.
–?Du kan kategorisk avvise at dere kan snu igjen? –?Det er ikke aktuelt.»
Slik svara SVs Marianne Borgen til VG i september i fjor. Munch-museet skulle til Tøyen, og det gjekk partiet til val på. Men det bryr SV seg lite om i dag. At avtalen med byrådspartia er sukra med ei oppgradering av Tøyen-området på Oslos austkant, er ikkje godt nok. Dette er eit klassisk døme på å føra veljarane bak ljoset. SV har snudd tre gonger i denne saka. Godt å vita no før valet.
Men denne saka er verre for omdømet til Høgre. Målet deira med forhandlingane og avtalen med SV har vore å få til Lambda-bygget: «Kva kan vi i Høgre gje i forhandlingane med SV, som vi elles ikkje ville gått inn for, for å få til prestisjebygget Lambda?» Jo – meir til ein fattig bydel.» Presisjebygget er altså det viktigaste for Høgre – ikkje dei som lever på Tøyen. Godt å vita no før valet. Å betra levekåra på Tøyen burde jo Høgre uansett ha prioritert.
Munch fortener eit fint og godt museumsbygg. Men på den vesle stripa ved fjorden mellom Vestbanen og Bjørvika i Oslo vil no stat og kommune på nokre få år ha bygd kulturbygg for over 13 milliardar kroner. Nasjonalmuseet til 5,3 milliardar, Operaen til 3,7 milliardar, Deichmanske bibliotek til 2,6 milliardar og no Lambda-bygget til 1,6 milliardar. Det skulle vera nok for ei stund.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.