Smittevernlova bør ikkje endrast

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol persenterer helseberedskapsmeldinga.
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol persenterer helseberedskapsmeldinga.
Publisert

Regjeringa har foreslått endringar i smittevernlova som skal gjera det mogleg for regjeringa «ved alvorlig utbrudd av allmennfarlig smittsom sykdom, å gi forskrifter om isolering, smittekarantene og andre begrensninger i bevegelsesfriheten» utan at Stortinget vert involvert.

Framlegget bør kontant avvisast av Stortinget. Som jussprofessor Hans Petter Graver seier, bryt framlegget med grunnleggjande prinsipp om demokratisk kontroll fordi det gjev regjeringa ei blankofullmakt.

På bakgrunn av alvoret i saka har Framstegspartiet fått gjennomslag i Stortingets presidentskap for at avrøystinga i Stortinget skal utsetjast til neste veke. På denne måten kan avrøystinga skje med namneopprop og full sal der alle stortingsrepresentantane er til stades.

Innspelet om namneopprop er godt og viktig. Slik tek ein demokratiet på alvor. Skal ein svekkja makta til Stortinget, bør kvar og ein av stortingsrepresentantane stå opp og fram med synet sitt. Dette gjeld særleg i ei sak som dette, der tiltaka inneber omfattande isolering av folk og nedstenging av samfunnet. Ein annan ting er at eit slikt tiltak vil få større legitimitet om Stortinget er involvert i avgjersleprosessen.

Denne saka minner oss på at vi er mange som bør gå kritisk gjennom kva vi gjorde og meinte om tiltaka som vart gjennomførte under pandemien. Ikkje minst vi i media. Stilte vi, inkludert Dag og Tid, nok kritiske spørsmål til dei omfattande tiltaka som vart gjennomførte under pandemien? Til dømes nedstenginga av skulane og universiteta som fekk store konsekvensar for skuleelevar og studentar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement