Leiar

Skulevalkamp

Oslo 20250701. Høyres leder Erna Solberg før pressekonferansen om ny politikk for norsk skole.Foto: Javad Parsa / NTB
Leiar i Høgre, Erna Solberg, før pressekonferansen om ny politikk for norsk skule.
Publisert

Høgre kom nyleg med eit valløfte til dei yngste skulebarna: Dei skal få ein ekstra skuletime om dagen. Partiet skal ha ros for å ha ambisjonar på vegner av elevane, men dette valløftet er ikkje verdt å heise flagget for. Tvert om. Dette forslaget bør ikkje setjast ut i praksis.

Det er ingen automatikk i at fleire undervisningstimar fører til betre skuleresultat. Hadde det vore tilfelle, burde resultata gått i vêret då seksårsreforma vart innført i 1997. I staden har seksåringane fått mindre tid til å leike fritt, noko som er heilt naudsynt for at barn i den alderen skal trivast og lære.

Skal få ekstra hjelp

Å prioritere ein ekstra skuletime om dagen kan også gjere det vanskeleg å prioritere eit anna valløfte. Høgre vil garantere at alle elevar som slit med å lære seg å lese, skrive og rekne, skal få ekstra hjelp. Dette er eit svært godt forslag. Eit forslag som fortener taktfast applaus.

Høgre skriv på nettsidene sine: «Hvert år starter 60.000 seksåringer på skolen. Når de er ferdige, kan over 15.000 fortsatt ikke lese skikkelig – og mer enn 18.000 sliter med regning. Det er alvorlig at skolen svikter sitt viktigste oppdrag.» Ja, det er alvorleg. Det er hjarterått. Og sviket vil prege mange av dei det gjeld, gjennom barndommen, ungdommen og vaksenlivet.

Mangel på ressursar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement