Skuffande av KrF
KrF går no inn for regionreforma og hevdar at dei gjennom forliket med regjeringa medverkar til «det største distriktsløftet i nyare tid». Vi får sjå, når meldinga om kva oppgåver som skal flyttast til regionane kjem 19. oktober.
Men vi er grunnleggjande skeptiske – for heile denne regionreforma har så langt verka meiningslaus, og truleg kjem omstillingskostnadene til å vera langt høgare enn den lova kostnadsinnsparinga. Mange kjem nok til å angra på denne reforma. Fylkesinndelinga vi har i dag, står seg godt. Og skulle ein fyrst laga nye, større regionar, burde ein ikkje sett på statsforvaltinga rundt om i landet under eitt? Kvifor skal vi ha så mange ulike inndelingar alt etter kva slag saksfelt vi talar om?
Dei nye politidistrikta har si eiga inndeling, der Finnmark, Troms og Nordland er tre ulike distrikt – ikkje som i den nye regionreforma der Nordland er for seg sjølv. Og Buskerud er plassert i Sør-Aust politidistrikt saman med blant andre Telemark, ikkje saman med Østfold og Akershus som i den nye regionreforma.
Helseføretaka har si eiga geografiske inndeling att, med berre fire regionar. Lagmansrettane har seks. Vegvesenet har fem. Slik kan vi halda fram: Fiskeridirektoratet har sju regionar, Husbanken har seks... Og til slutt får vi kanskje ei eiga inndeling av valdistrikta til Stortinget basert på dei gamle fylka.
Kanskje bispedøma, delte inn i elleve bispedøme, kunne vore malen? Der har ein iallfall ei meir fornuftig inndeling på Austlandet enn det regjeringa har fått til med regionreforma – og alle elleve med vakre namn: Hamar, Borg, Tunsberg, Nidaros… Ikkje Viken, Innlandet og Vestland.
Er motstanden no over? Det er tvilsamt. Kritikken mot reforma er stor. Men dei som har kjempa mot reforma, må no likevel godta at saka diverre er tapt. Det er alvorleg å ikkje fylgja lovleg fatta vedtak i Stortinget.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.