Skrekkveldet i Iran

Publisert

Iran – eller Den islamske republikken Iran, som dei har kalla seg i over 40 år – er styrt av eit ufyseleg regime. Døma på elendet er endelause. Kvar skal ein starta? Regimet har drive med systematisk undertrykking og vald mot folket sitt sidan Khomeini tok makta etter revolusjonen i 1979.

Å lesa Amnestys årlege rapportar frå Iran er som ein skrekkroman med henging, pisking og amputasjonar. Opponerer ein mot styresmaktene, vert ein fengsla, og tortur er utbreidd. Frå 1. januar til 30. juni i år vart så mange som 251 dømde til døden og avretta. Grunnane er langt frå berre alvorlege drapssaker – også mindre narkotikabrotsverk eller det å opponere mot regimet eller syne fiendtleg innstilling til Gud kan medføre dødsstraff.

Eit fysisk symbol på den brutale galskapen i landet er Evin-fengselet utanfor Teheran, ved foten av Alborzfjella. Der har politiske fangar sete i årevis. Videoar som ligg på nettet, tekne opp i løynd, syner vald mot innsette og dei umenneskelege tilhøva fangane lever i.

Og så har du den religiøse fanatismen oppmuntra av dei mange mullaane i landet, med moralpoliti og ein offisiell dag «for hijab og sedeleg livsførsel». Det er knapt til å tru, men dette «politiet» har i tiår etter tiår hersa med kvinner som ikkje har hatt på seg hijaben på rett måte, eller som har gått med for tettsitjande klede. Dette skjer altså i eit av våre eldste kulturland.

Eit lite håp er no tent med dei mange demonstrasjonane i landet. Modige iranarar risikerer liv og helse for å verta kvitt åket med dei fundamentalistiske leiarane. Det vi no er vitne til, synest å vera det mest omfattande opprøret sidan revolusjonen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement